|
Etter ein god gjennomgang av bilen i løpet av vinteren og to testløp i Vestlandsmesterskapet er Joakim igjen klar for køyring i rallycross juniorcup. Bilen er den same som Joakim frå NMK Vikedal gjekk til topps med i cupen i fjor, og etter overhaling av motor og gjennomgang av bilen i løpet av vinteren, har han køyrd løp både på Eikås i Bergen og heime på Vikedal Motorbane. No er det berre småpuss igjen før han er klar for å setje kursen mot Momarken Bilbane og rallycross juniorcup, som køyrer saman med NM i rallycross.
I fjor gjekk han heilt til topps i cupen, men vil ikkje utan vidare love eit nytt gull i år. - Målet er å komme på pallen i den første runden, og eg vonar også å kunne vere blant dei tre beste til slutt. No ser han fram til køyring på laurdag. - Etter ei lang ventetid blir det godt å komme i gong igjen.
 
|
|
|
Kjører rallycross og bilcross |
|
Til helga er det klart for andre runde i VM på Vikedal motorbane. Joakim er klar for å kjøre både rallycross og bilcross denne helga. Lørdag er det rallycross og søndag er det bilcross. -Det blir kjekt å kjøre på heimebane igjen.
Rallycrossbilen har fått ein liten gjennomgang siden sist helg i Bergen og styresnekka er i orden igjen. Bilcross bilen som Joakim skal kjøre i helga har han lånt av Gunhild Skeie og Team Rally Reidar. -Har blitt ein del jobb denne veka når det kom til at eg fekk låne bilcross bilen, og rallycross bilen er klar men det gjennstår litt på bilcross bilen endå, seie Joakim som gleder seg til å kjøre bilcross.  |
|
Grei gjennom kjøring i Bergen før NM startar. Joakim fekk god fart på bilen, hadde litt problemer undervegs med ein drivknute men det ordna seg. -Bilen fungerte bra heile tida, fekk kjørt både på vått og tørt, seier Joakim som gleder seg til NM.
Joakim leia klart i finalen men måtte bryte i siste runde før mål, på grunn av styresnekka løsnet og blei då nr 2 i første runde i VM.


|
|
Joakim har fått gjort dei siste førebuingane og er klar for første runde i Vestlandsmesterskapet på laurdag. I fjor vann NMK Vikedal-føraren både Norgescupen og Vestlandsmesterskapet i juniorklassen, og det er i denne klassen han held fram også i år. Vinteren har han brukt til å gå over bilen han køyrer, ein Volkswagen Golf. -Bilen har fått ein god gjennomgang i vinter, og med litt service no i løpet av veka så er me klar for avreise til Bergen.
Sist laurdag var det testing på Vikedal Motorbane. -Fekk køyrt ein god del og kunne konstatere at alt fungerte.

Med to påmeldte i juniorklassen på laurdag har Joakim som mål å vinne. -Må prøve å få fart både i bilen og kroppen, og målet er heilt klart å stå på toppen etterpå. |
|
Lørdag kjørte me første test etter vinteren. Bilen har blitt sett over, og overhalt motor og gear.
Bilen fungerte bra, sleit litt med servostyringa. Bremsene må også justeres. Alt i alt var det ein bra test, ting fungerte bra og Joakim synes det var kjekt å kjøre igjen.
Litt service på bilen nå så skal den vere klar til løp den 14. april i Bergen, som er første runde i VM. |
|
|
|
|
<< Start < Førre 1 2 3 4 Neste > Siste >>
|
|
Side 1 av 4 |